Nysgjerrigper-konkurransen 2018: Bronse

Jurybrev

 

PDF     Utskrift
 
Forskningsrapport
Nysgjerrigper-konkurransen 2018

Kva er det som luktar så ekkelt?

Forsidebilde
Forskere: 1. og 2. klasse ved Valsvik skule og barnehage (Vik, Sogn og Fjordane)


Nysgjerrigper-konkurransen arrangeres av Norges forskningsråd

 

Forord

Læraren vår hadde bestemt at vi skulle ha eit Nysgjerrigper-prosjekt dette skuleåret (2016-2017). Vi starta med at vi avtala at alle elevane skulle vere ein 'Nysgjerrigper'. I ein to-vekers periode fekk vi ein lang liste med mange gode spørsmål. Først sorterte læraren litt i spørsmåla og valde dei som er gode å forske på. Så hadde gruppa avstemning om kva problemstilling elevane ville forske på. Vi snakka også litt om korleis vi kunne gå fram for å forske på temaet. Sidan vi er få elevar fann vi ut at det fungerte best når læraren skreiv inni rapporten etterkvart som vi fann ut av ting.




Veileder
Lenie van der Wal

Deltakere
Birte H., Isak O., Janne H., Lena Z.

Innhold
Dette lurer jeg på

 - Kva gjer at gylle lukter så ekkelt?

Hvorfor er det slik

 - 4 hypotesar

Legg en plan

 - Sende e-post til dyrlege Lise for opplysningar.
 - Intervju med Veronika.
 - Luktprøver: samanlikne lukt av ulik bæsj, med vatn og utan vatn.

Ut å hente opplysninger

 - Innsamling av prøver og gjennomføring av luktprøver.
 - Testing

Dette har jeg funnet ut

 - Søylediagram av luktprøvene
 - Resultat frå luktprøvene.
 - Svar på e-post frå dyrlege Lise
 - Intervju med jordbrukssjefen i kommunen.
 - Vi har funne ut at:

Fortell til andre

 - Vi har fått ein rapport.

Vedlegg

 

Trinn 1 - Dette lurer jeg på

Kva gjer at gylle lukter så ekkelt?

Skulen vår ligg i eit landbruksområdet og kvar haust og vår blir marka rundt skulen gjødsla. Det merkast! 

'Kva er det som luktar så ekkelt!' var spørsmålet som ein av elevane stilte då nabogarden til skulen gjødsla marka rundt skulen. Alle visste kva det var som lukta, men kvifor lukta det så mykje? Sidan vi akkurat var igang å samle ‘Nysgjerrigper-spørsmål’ skreiv vi ned dette spørsmålet også. Dette ville alle prøve å finne meir ut av.

 

Trinn 2 - Hvorfor er det slik?

4 hypotesar

Hypotese 1:

Gylle luktar ekkelt fordi det er laga av kyrabæsj. Kua et gras, det kjem i magen (kua har 4 magar) og i rumpa og så kjem det ut igjen. Kroppen renser seg sjølv og kvittar seg med virus og gammal råtten mat.

 

Hypotese 2:

Kyrabæsj er blanda med vatn, kanskje det er derfor det luktar så ekkelt. Blaut bæsj lukter verre.

 

Hypotese 3:

Flugar har vore på gylla.

 

Hypotese 4:

Kyrabæsj er verre enn sauebæsj, fordi kua er større enn sauen.

 

 

 

 

Trinn 3 - Legg en plan

Sende e-post til dyrlege Lise for opplysningar.

For å teste hypotese 1 må vi få vite noko meir om kua. Korleis kan vi finne ut av korleis det er i magen til kua, og om det stemmer at det er råtten mat og virus som lagar mykje lukt. Ein elev seier at vi kan ikkje skjære opp ei ku. Janne kjem på at dyrlegen veit korleis kua ser ut inni og ho kjenner ein dyrlege som heitar Lise. Vi avtalar at vi skal lage spørsmål som Janne skal sende i e-post til dyrlegen.

Intervju med Veronika.

Ein av foreldra jobbar på landbrukskontoret i kommunen og ho veit mykje om korleis og kvifor bøndene gjødslar beita sine. Ho er nesten nabo til skulen. Vi skal lage spørsmål og intervjue ho Veronika.

Luktprøver: samanlikne lukt av ulik bæsj, med vatn og utan vatn.

For å finne ut om blaut bæsj gjer at det luktar meir ekkelt må vi ta lukt-prøver (hypotese 2). Vi kan besøke ein kufjos for å få bæsj-prøver.

Vi kan då også gjere samme testen med bæsj frå sauen. I uteskule har vi nemleg gått forbi nokre beita som er gjødsla med sauebæsj, og der er lite eller ingen ekkel lukt.

Vi må da også finne ut om bæsj frå større dyr er meir ekkel enn bæsj frå mindre dyr. Vi kan få bæsj frå sauene til både Birte, Isak og Janne. Janne har også høner heime og bur nærmast fellesfjosen som har mange kyr. Når vi besøker fjosen til Janne kan vi også samanlikne bæsj frå hønene med den frå sauen og kua.

 

Trinn 4 - Hent opplysninger

Innsamling av prøver og gjennomføring av luktprøver.

Vi har avtalt med besøk på Fellesfjosen for å samle prøver og for å sjå korleis gylla blir laga. 

​  Bonden Olav viser oss rundt og fortel om kyra og fjosen.  ​

Bonden Olav viser oss rundt og fortel om kyra og fjosen.

 

Kua er stor!

 

Olav fortel av gylle er ikkje berre kubæsj og vatn som vi trudde, men urin frå kua er også med!

Vi lurer på om det har noko betydning for lukta til gylla?

 

 

 

Gjødselkummen er svær.

 

Her finn bonden Olav gylle til oss.

 

Etter besøket på fellesfjosen køyrer vi til fjosen til Janne. Her er sauer og høner. Det er ikkje folk heime, men viss vi er rolege kan vi få sjå på lamba i fjosen. Hønene kan vi ikkje besøke, der er det vanskeleg å komme til. Lamba er veldig søte og vi samler og tek med oss saueperler i ein isboks.

Lamba er søte!

 

Saueperler ligg i ein haug bak sauefjosen.

 

No manglar vi berre bæsj frå høner. Vi bestemmer oss for å køyre tilbake til skulen og spørje om vi kan få hønsebæsjprøver hjå Laura og Asbjørn. Dei bur ikkje langt frå skulen, Lenie (læraren) sender melding til Veronika som er mammaen til Laura og Asbjørn. Vi får med ein gong melding tilbake at vi kan besøke hønsegarden og Laura kan vere med oss for å hjelpe til.

 

Mange flotte høner og ein hane. Vi såg også 2 høner som sat å ruga på egg i ei verpekasse.

 

Laura spar opp hønsemøkk i isboksen, det blir også med litt sagflis.

 

 

 

 

Testing

All prøvetaking fekk vi gjort på føremiddagen. Etter lunsj er det tid for testing!

Vi må finne eit system for lukting av prøvene. Vi må også finne ut om blaut bæsj luktar meir enn ‘tørr’ bæsj. Derfor må vi blanda bæsjprøver med vatn.

 

Isboksar med det innsamla materialet. Glas for å kunne blanda prøvene med vatn.

 

 

  

 

 

 

 

 

Vi lager til luktprøvene bak skulen. Det luktar ikkje godt! Saueperlene er vanskelege å løyse opp i vatnet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi ender opp med 7 luktprøver:

  1. kubæsj
  2. kubæsj med vatn
  3. gylle (kubæsj med urin og vatn)
  4. sauebæsj
  5. sauebæsj med vatn
  6. hønsebæsj
  7. hønsebæsj med vatn

Vi finn ut at alle elevane og dei vaksne på skulen og i barnehagen må hjelpe oss å lukte. Dei skal få lukte 2 gonger: først på prøvene utan vatn og så på prøvene utblanda med vatn (for å teste om blaut bæsj lukter verre).

Vi finn også ut at testen må bli gjennomført som ein blindtest. Elles ser ein kva ein skal lukte på. Nokon av elevane veit at sansane blir skjerpa når vi ikkje kan bruke alle sansane: når vi ikkje kan sjå blir vi flinkare å lukte!

Vi lagar til teststasjon i garderoben til gymsalen og vi lager eit registreringsark.

Hønsebæsj
Kubæsj
Sauebæsj

 

Elevane hjelper den blinde testpersonen fram til luktboksane.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lukting!

 

Kolonne 1, 2 og 3 med ku- sau- og hønsebæsj. I kolonnene A-D er bæsjen utblanda med vatn.  

 

 

Trinn 5 - Dette har jeg funnet ut

Søylediagram av luktprøvene

Resultat frå luktprøvene.

Første gang lukta alle (18 personar) på bæsj frå ku, sau og høner (1, 2 og 3 i tabellen).

Det var 9 personar som synast at det var ku-bæsj som lukta eklast.

Det var 7 personar som synast at det var høne-bæsj som var eklast.

Det var 2 personar som synast at det var sau-bæsj som var eklast.

Andre gangen lukta alle på blaut bæsj frå ku, sau og høner og gylle (A, B, C og D i tabellen).

Det var 9 personar som synast at det var blaut høne-bæsj som lukta eklast.

Det var 5 personar som synast at det var gylle som lukta eklast.

Det var 1 person som synast at våt ku-bæsj lukta eklast.

Det var fleirtal (9 personar) som meinte at det var hønsebæsj som var eklast. denne gongen. 

MEN alle var heilt tydeleg på at blaut bæsj lukta verre enn tørr bæsj.

Dette kjem ikkje fram av tabellen då vi fekk litt dårleg tid på slutten av dagen.

Svar på e-post frå dyrlege Lise

Dyrlege Lise skriv at det er gjæring  i magen til kua som gjer at det blir fæl lukt. Då blir det danna gjødselsgasser som metangass. Det er der lukta kjem frå. Ikkje fordi maten til kua er råtten. 

Kyra har ikkje så mange virus i magen, men dei har milliardvis av mikrober (bitte, bitte små dyr) og bakterier, men desse hjelper kua å fordøye maten ho et. Kyra er heilt avhengig av dei. Dei held til i vomma, som er ein av dei fire magene til kua.

Etter at vi har lese svaret frå dyrlegen googler vi ‘metangass’. Vi finn ut at metangass nesten ikkje har lukt. Så da må det vere dei andre gjødselsgassane som luktar så ekkel. Vi les også at metangass er ein ‘klimagass’. Dette betyr at metangass ikkje er godt for miljøet på jorda. Det er med å auka drivhuseffekten som gjer at det blir høgare temperatur på jorda. Dette skal vi lære meir om seinare.

 

Intervju med jordbrukssjefen i kommunen.

Det viser seg at landbrukssjef Veronika veit ganske mykje om gylle når vi besøker henne på kontoret på kommunehuset.

Elevane spør: ‘Veit du kva som gjer at gylla luktar så ekkel?’.

Veronika fortel at det er ein bestemt gass som heitar hydrogensulfid som gjer at gylla luktar ekkel. Hydrogensulfid blir laga når gylla ligg i gjødselkummen, det blir ikkje laga i magen til kua. Vi kan ikkje sjå denne gassen, men den kan vere farleg når ein pustar den inn for mykje. Den er fargelaus og luktar som råtne egg. Hydrogensulfid er tyngre enn luft. Det gjer at den legg seg nede på bakken og derfor luktar det så ekkel rundt skulen når bonden sprer ut gylla.

Det blir jobba med andre måtar å gjødsle jordene på, ein skal då sprøyte gylla rett nedi jorda i framtida. Då vil det bli mindre lukt også.

Metangass er inni prompen og rapen til kyra og den gassen er ikkje bra for klimaet.

 

For å sjekke ut hypotese 3 spør elevane: ‘Er det sant at det er mange flugar på bæsjen til kyra? Gjer flugane at det luktar ekkelt?’

Veronika fortel at det er flugar på bæsjen fordi dei et bæsj. Bæsj er maten til flugene! I tillegg legg dei egga sine inni bæsjen, då blir ungane deira fødde midt i matfatet! 

Det blir ikkje dårleg lukt på  grunn av flugane.

 

 

Vi har funne ut at:

- At gylle er laga av urin, vatn og bæsj.

- Det er ein gass som heiter hydrogensulfid som gjer at gylle lukter ekkelt. Hydrogensulfid blir laga når gylla ligg i gjødselkummen. Denne gassen er tyngre enn luft, den legg seg på bakken når bonden sprer ut gylla, derfor luktar det så mykje.

- Metangass kjem frå promp og rap av kyra. Metangass er ikkje bra for klimaet.

- Det lukter meir når bæsjen er blautare.

- Det stemmer ikkje at større dyr har bæsj som luktar meir, fordi det var mange som tykte at blaut hønsebæsj lukta verst! Og sauebæsj lukter nesten ingenting.

- Det blir ikkje ekkel lukt av at det er mange flugar på kyrabæsjen.

 

 

 

Trinn 6 - Fortell til andre

Vi har fått ein rapport.

Elevane i prosjektet får med seg ein rapport heim. Dei skal vise den til flest mogleg.

Rapporten skal også bli presentert for dei andre elevane på skulen og til foreldra på foreldremøte.

Vi kan også leggje  den ut på skulen sin heimesida.

Vi vil delta på Nysgjerrigperkonkuransen!

 

Vedlegg
VedleggnummerVedlegg
1 Janne077.pdf
2 Isak075.pdf
3 Lena076.pdf
4 Birte078.pdf
5 mail079.pdf