Nysgjerrigper-konkurransen 2019: Sølv

Jurybrev

 

PDF     Utskrift
 
Forskningsrapport
Nysgjerrigper-konkurransen 2019

VÅR EKSINGEDAL! Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen? Kva er annleis i oppvekst før og no? Er det annleis å veksa opp her no enn før?Kva er mest ulikt?

Forsidebilde
Forskere: 1.-7.klasse ved Eksingedalen skule (Vaksdal, Hordaland)


Nysgjerrigper-konkurransen arrangeres av Norges forskningsråd

 

Forord

Kva skal me forska på i år? Går det an å forska på oss sjølve? Me veit at me går på ein av dei minste skulane i landet. Me har ikkje så mange på vår alder å vera saman med. Likevel syns me at Eksingedalen er ein veldig god plass å veksa opp. Folk me møter syns det er rart at me går på så liten skule, at me berre er 4 på heile barneskulen, at me gjer mykje saman med ungdomsskulen og at me faktisk kan ha rektoren vår til vanleg lærar også. Og til og med så ser me lærarane våre på fritida òg. Og så spør dei andre me treffer alltid om kva me eigentleg gjer på i fritida vår når me er så få. Foreldre og besteforeldre og andre gamle folk fortel ofte at når eg vaks opp så... "- Alt har visst vore betre eller verre før i tida!" Så, i år bestemte me oss for å forska på vår eigen oppvekst i Eksingedalen. Me vil sjå på om det har vore annleis her før og så vil me forska på oss i forhold til andre born og unge.




Veileder
Liv Anne Bergo

Deltakere

 

Prosjektet er levert som en rapport.
  
Trykk her for å laste ned rapporten.

 

Vedlegg
VedleggnummerVedlegg
1 VÅR EKSINGEDAL Nysgjerrigprerapport mars 19 alle vedlegg.pdf